Velkommen
Bu
Ete
Opplevingar
Service
Offentleg
Kommunikasjon
Kart

 


Turistinfo

- Biblioteket i Sveio sentrum (midten av juni til midten av august).

Opningstider:
Man-Fre 12-18
Tlf: 53 74 80 00
/ 53 74 80 75

- Haukås bensinstasjon
Man-Fre 06-23 Lør/Søn 08-22


 

 


Ledige hytter:

Fjord-idyll
Kåre Bua ENK
Lie, Reidar
Lindås Hytteutleige
Selsås
Solstrand Hytteutleige
Tjernagel Leir og Fritidssenter
Valevåg Bruk
Valevåg Camping og Hyttetun
Victors naturpark
Økland Hytteutleige


 
In english, please! Auf deutch, bitte!

             Ramnaflòke

Ramnaflòke skal vere den første vikingen som busette seg på Island og som gav sagaøya namn. Han kom frå Sveio, frå Smørsund. [Flòke si slekt]

Her er historia som vert fortalt i «Landnåmåbok», funnen på Island og langt eldre enn den meir kjende «Snorre»:

Om lag 890 drog Flòke Vilgjerddson frå garden Smørsund i vesterveg for å finna Snøland.  Flòke, som seinare har fått namnet Ramnaflòke, låg på Ryvardsneset i påvente av seglingsbør.  Her fanga han tre ramnar som han skulle bruke til å finna land med.  Flòke held så eit stort blot for å trolla kraft i ramnane.  Deretter bygde han ein varde på Ryvardsneset, før deg la i veg mot vest.  Først kom Flòke og fylgje hans til Shetland. I fylgjet var, til tillegg til Flòke sjølv og døtrene hans, også venene Torolf, Faxe og Herjolv.  På Shetland drukna ei av døtrene hans i det som i dag heiter Geirhildvatn, oppkalla etter dottera Geirhild. [Kart som syner kor på Island Flòke drog]

Floke segla vidar til Færøyane, der han gifte bort ei anna dotter.  Han la i veg vidare mot vest, og etter ei tid sende Flòke opp ein og ein ramn for å søkja land.  Den tredje ramnen tok i veg og viste vegen mot Snøland.  Det første dei kom til, var eit havstykkje som dei trudde var ein elvaos. Då sa Faxe: Dette må vera eit ovleg stort land, for her er så store elveosar. Dette havstykkjet har seinare fått namnet Faxafloi etter Faxe.

Etter ei tids segling langs kysten mot vest, kom dei til eit grøderikt område der dei slo seg ned for å bu.  Denne staden har i dag namnet Bardastrond.  Her budde Flòke og venene hans og levde godt på fiske og jakt. Ja, så godt hadde dei det at dei reint gløymde å hausta inn mat til seg og til dei husdyra dei hadde med seg.  Då vinteren kom, heldt dei på å svelta i hjel.  Dei måtte slakta heile buskapen for å overleva.

Då våren kom, bestemte Flòke at dei skulle reisa tilbake til Noreg att.  Då isen løyste frå land i fjorden, gjekk Flòke opp på eit fjell for å sjå ut om det var muleg å segla.  Då såg han is som kom drivande inn fjorden. Då var det at Flòke kalla landet for Island, og seinare har namnet vore Island.

Flòke og venene hans drog attende til Noreg og Ryvarden, men ikkje lenge etter drog Flòke tilbake til Island. Denne gongen busette han seg i Skagafjordur, der han levde resten av sitt liv.

Staden Flòke busette seg på heiter i dag Flòkadal og Flòkavatn. Mykje truleg er Flòke hauglagd i Flòkadal. Han var gift på Island denne andre gongen, og mange er nok dei islendingane som kan spora slekta tilbake til Sveio. (Trykk her for å sjå kor på Island Flóke reiste).

bilete.sveio.com
 
Sommerdag på Lindøy, Førdespollen
 
 
Solfyllt Ryvarden
 
 
Utleigebåt Karmøy SL
 
 
Frå bekken ved prestegarden i Førde
 
 
Utleigehytte i Eltravåg, som ventar på neste sumargjester.