 Aktivitetar og opplevingar
Variert natur og frisk luft - det er to viktige ingrediensar i dei opplevingane Sveio kan tilby. Her kan du fiske, gå turar, padle, segle, bade og dykke - og mange andre ting. Eller berre sitja i solveggen på hytta, og kjenne etter kor godt det er å være til. Me vil visa deg nokre mulegheiter i kommunen vår:
Fototur langs småvegar i Sveio (biletserie).
Turløyper
Ryvarden Fyr
Ein lett tur på grusveg gjennom lynghei og gamalt kulturlandskap. Fyret ytterst på Ryvardsneset er eit kjent landemerke langs kysten. Her får du ei spesiell naturoppleving i allslags vêr. 40 min., lett stigning.
Nordsjøløypa
Merka tursti som går gjennom eit ope kystlandskap frå Mølstrevåg via Ryvarden, Lyngholm og Eltravåg til Buavåg. Det er fin utsikt frå stien både til lands og utover den mykje trafikkerte skipsleia.
Dreng
Skogkledd topp 277 m.o.h. med fin utsikt til Førde og Førdespollen. Stien startar ved Førde Samfunnshus. Der kan ein óg parkere. Siste delen er bratt, men stien er god. 1/2 til 1 time.
Hopsfjellet
To skogsvegar med avkjøring frå E39 kan nyttast. 1/2 til 1 1/2 time å gå til toppen 333 m.o.h. etter kva alternativ ein velger. Fjellet ligg mellom hovudvegen og Ålfjorden, og inngår i eit verna naturreservat etter skogbrann i 1992.
Trollavassnipen
Høgaste fjellet i Sveio. 1 til 2 timar å gå til toppen 432 m.o.h. i tildels bratte løyper. Flott utsyn i alle retningar. På fine, klare dagar ser ein omtrent frå Bergen til Stavanger. Stien startar like sør for Valestrand skule. Parkering ved skulen. Du kan også gå frå Holsvika friområde (Bjørgo) eller frå Haugsgjerdelva.
Emberlandsnipen
Tre alternative tilkomstvegar: Frå Auklandshamn (slakk stigning), Emberland eller Sætre (brattare). Toppen er 271 m.o.h. Flott utsikt over Bømlafjorden og Sunnhordland. 1 - 2 timar, etter kva for utgangspunkt ein velger.
Børshovda
1/2 time til toppen som er 186 m.o.h. Gamal, særmerka skog. På toppen er det restar etter bygdeborg frå folkevandringstida. Stien startar på skogsvegen, som tar av frå fylkesveg 1 ved Røykenes. Lett løype som kan kombinerast med tur rundt Mørkatjørna.
Rundløype i Førde
Natur- og kulturløype i lett terreng. Fotturen i Førde er variert og spanande, og kombinerer skogstur med vandring i trivelig bygdemiljø. Bilvandringsrute med kart og beskrivelse kan kjøpast i turistinformasjonen i Sveio sentrum. Parker i Førde ved kyrkja eller skulen. www.carwalks.com/Fottur1A.htm
Storavatnet
Fin turløype (1-2 timar) rundt Storavatnet ved Auklandshamn. Start ved samfunnshuset eller friluftsområdet Slettene på Mjånes/Økland.
Bjellandsvatnet
Fin sti i lett turterreng rundt våtmarksområdet på Bjelland (naturreservat). Fugleobservasjonshus. Skilta avkjøring frå riksveg 47.
Forevatnet
Lett sti rundt vatnet. Løypa går forbi gravhaug på Istertveit. Halve turen går på gang/sykkelsti.
Gullstien
Sti i lett terreng frå Buavåg til Hovda. Følger gamle stiar mellom gruvene og utvinningsplassen. Rundturen er ein del av Nordsjøløypa.
Området rundt golfbanen
Her fins mange fine turvegar som er opne for almenn ferdsel. Fin utsikt til store delar av Sveio og fjellheimen i Sunnhordland.
Golf
Haugaland Golfbane i Sveio er landets einaste kommunalt eigde golfbane. Her finn du ein av dei beste golfbanane i landet. Banen er lagt til eit vakkert utemarksterrent utan å bruka dyrka mark. 2.400 mål er avsett til det som teiknar til å bli ein av dei finaste golfbanar på våre kantar. Klubbhus med kafé. Banen vil bli utvida til 18 hol innan kort tid. www.haugaland-golf.no
Fiske
Ferskvatn
I Sveio er det totalt 282 vatn å velga mellom, og dei fleste er rike på fisk. Vanlegast er aure, røyr og ål, men du kan óg få laks og sjøaure i nokre vatn og elvar. Fiskekort, sjå Servicetilbod. I Vigdarvatnet blei det nyleg fiska aure på nesten 8 kg. I Fjonelva er det tatt laks på over 20 kg. Det blir kvart år fiska opp fleire tonn røyr for å halda bestanden nede. Dermed blir det mulig å behalda større fisk.
Sjø
Med våre 300 km lange kystlinje er mulegheitene for havfiske dei aller beste både frå land og båt. To fiskerike fjordar -Bømlafjorden og Ålfjorden - grensar til kommunen. Mangfaldet er stort. Du kan få opptil 20 forskjellige fiskeslag i løpet av ein ferie. Det fins mengder av laks i fjordane, og utfordringa er å få dei til å bita på kroken. Fiske i sjø er gratis.
Isfiske
Ein populær aktivitet vinterstid er isfiske på Vigdarvatnet eller Ålfjorden. På etterjulsvinteren plar store mengder torsk samla seg i botnen på fjorden.
Handikapfiske
Vi kan tilby rullestolbrukarar adkomst til sjø i Mølstrevåg, Tjernagel, Auklandshamn, Førde og Tittelsnes.
Båtutleige
Du kan låna båt hos Fjord-Idyll, Førde (telefon 53743263 - 99167887) eller Fjon Camping, Fjon (telefon 53741306 - 91120770).
Havfisketur
Vi har ingen som tilbyr turar frå Sveio for tida. Men frå Haugesund vert det arrangert turar som man kan tinga seg inn på.
Dykking
Sjøen er klar og eignar seg godt for dykking. Her kan du utforska vegetasjonen under vatn, og finna skjel og skalldyr for ein betre middag. Du kan også fanga steinbit, breiflabb og flyndre - som ligg i ro på botn klar til henting.
Jakt
Vi kan tilby område for jakt på hjort, rådyr og anna vilt. Ta kontakt med Haugesund Jeger og Fiskeforening.
Attraksjonar / verd å sjå
I Sveio finn du kjende stader som kan vere verd eit besøk:
Ryvarden Kulturfyr
Fyret på Ryvardsneset er eit kjent landemerke på kysten. På Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kunstetelier, Flókemuseum og ein representasjonsbustad kor du kan overnatte. Her er det kafé på utstillingsdagane og selskapslokaler til leige. Galleri og kafé er open frå 6. april til 31. desember på sundagar og helligdagar. Frå 6. juli til 10. august: også open tysdag til laurdag 12.00 til 16.00. Frå Mølstrevåg er det 2 km å gå på god grusveg. Vidt utsyn over Nordsjøen, Sletta, Bømlafjorden og til øyane vest i havet. Til minne om dei 16 omkomne etter Sleipnerforliset, som skjedde like i nærleiken, er det reist eit minnesmerke. Her kan du lesa historia om Ryvarden og Ramnaflóke.
Fartein Valenheimen
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg. Her budde den kjente komponisten store delar av sitt liv. Heimen hans er bevart som eit museum, og huset er rikt på gjenstander som fortel noko om Valen sitt liv, hans musikk, interesser og personlegheit. Her er det omvisning om sommaren, og konsertar og foredrag, som har som mål å gi eit innblikk i komponisten si verd. Eige program m.a. under Fartein Valen-dagane.
Valen kapell
Kapellet ligg i Valevåg, og blei opphaveleg bygd som kyrkje i 1707. Etter flytting blei den gjenreist på same staden i 1949. Komponisten Fartein Valen ligg gravlagd her. På grava er det reist ei vakker minnestøtte, gitt av Den Norske Komponistforening.
"Kyrkjegarden ved havet"
Kolerakyrkjegarden ved Leirvågen i Valevåg er best kjent som "kyrkjegarden ved havet" etter ein komposisjon av Fartein Valen. Her blei han inspirert til å skriva dette store verket. Det tek ca 20 min. å gå på merka sti frå Nappebrua. Like ved er det også badeplass.
Hopsfjellet naturreservat
I 1992 blei over 3000 dekar natur ved og på Hopsfjellet råka av brann. Mest heile området er no verna som naturreservat. Her kan ein studera korleis naturen byggjer seg opp att etter ein brann. Turløype til Hopsfjellet.
Einstapevoll Gard
Gamalt tun med 17 hus som alle har helletak. Freda i 1923. Privat eige, omvisning etter avtale, telefon 53742234.
Gravrøysane på Lyngholm
Tre gravrøysar frå Bronsealderen. Varda løyper som tar av frå Nordsjøløypa. Minnesmerke over skipsforlis i nærleiken.
Og ellers........
Hestar
Tjernagel Leir og Fritidssenter. Riding kvar sundag 14.00 til 16.00. Telefon 90 99 91 56. E-post: tjernagel@c2i.net.
Badeplassar
- Slettene ligg ved Storavatnet i Auklandshamn. Parkering og merka sti frå friluftsområdet på Mjånes.
- Holsvika ligg aust for Tittelsnes. Parkering ved vegen til Bjørgjo.
- Selsåsvika ligg like sør for Røykenes ved Ålfjorden.
- Leirvågen ligg vest for Valevåg. Kjør vegen til Vassli/Nappen. Følg merka sti frå Nappebrua.
Besøk på bondegard
Straumøy Gard driv økologisk matproduksjon på Straumøy ytterst i Førdespollen. Her kan du sjå mange forskjellige husdyr i sitt rette element. Gardsbesøk etter nærare avtale på telefon 53742281 eller 934 55 062.
Garden har også tilbod til skular når det gjeld elevar som treng alternativ undervisning.
Sykkelturar
I kommunen fins det vegar på kryss og tvers, som har liten trafikk, og egnar seg derfor godt til sykkelturar. Nordsjøruta går gjennom Sveio langs riksveg 47 og 541.
Kanoturar
Naturforholda i Sveio ligg godt tilrette for kanoturar. Vigdarvatnet har mange fine vikar og holmar. Med start i Førde kan du via Rødspollen, Haukåsvatnet, og Liervatnet koma til Vigdarvatnet. Turen er på 14 km, og har fire korte turar over land på tilsaman 1200 m der du må bæra kanoen.
Trening / rekreasjon
Sveio Fysikalske Institutt i Førde tilbyr trening, spinning og badstue m.m.
Helsevekst AS i Førde tilbyr program mot utbrentheit.
Kystkultur
Sveio Kystlag driv eit aktivt og interessant arbeid for kystkulturen vår. Laget har klubbhus, forsamlingslokale og museum på Eikeland (Auklandshamn).
Fotogalleri
Galleri Tveit (Torleiv Tveit EFIAP) viser naturfotografi i eige galleri på Tveit. Dei har ope når dei er heime. Ring gjerne 53740393 før de kjem. Sjå og gjerne innom mi heimeside: http://www.galleritveit.no
|